Publisert: 21. mai 2021

Webinar- nordsjøsild- og makrellsesong- oppsummering og innlegg

Se innlegg og oppsummering fra webinar 20. mai om kommende nordsjøsild- og makrellsesong.

Sjefsforhandler i NFD, Ann Kristin Westberg, innledet om fiskeriforhandlingane og makrellsituasjonen vi står i uten avtale. Wesberg informerte om kvifor me ikkje fekk ein fiskeriavtale med Storbritannia, og vegen vidare. Årsaka er Brexit, som endra forhandlingsbiletet totalt og førte til atUK vart ny partnar i kyststatsforhandlingane. 

Hovudårsaka til at det ikkje blei inngått avtale er at UK kravde kvotar i bytte mot soneadgang, noko Noreg ikkje kunne godta.

Som kjent har norske båtar fiska store deler av makrellkvotane sine i det som før var ein del av EU-sona, men som no er ein del av UK si sona. Hovudutfordringa blir å fiska Noreg sin kvote i NØS, og internasjonalt.

Westberg sa at Noreg truleg kjem til å setja sin makrellkvote i neste veka.

Det er ny trilateral avtale mellom Norge, EU og UK om forvaltning, totalkvotar og fordeling.

Det er bilateral avtale mellom EU og Norge om kvotebytte og soneadgang. Skagerrakavtalen og naboskapsavtalen med Sverige er som før.

Pelagisk Forening har levert fleire innspel, til myndigheitene, om tiltak for å gjera det mogeleg å fiska heile kvoten. Pelagisk Forening kjem til å følja saka tett.

Se innlegg her.

Kyrre Dale hadde innlegg om landindustriens tanker om kommende sesong.

Dale påpekt at for å få til ei god avvikling av fisket etter nordsjøsild og makrell, og for å få høgast mogleg verdiskaping frå silda og makrellen, er man avhengig av ein god dialog mellom flåte og industri.
Dale sa videre at det er utruleg viktig at man evner å levere nordsjøsild og makrell til dei marknadane som betalar best for varene. De har bygd opp relasjonane til kundane over lang tid og høgkvalitetsprodukt av sild og makrell har vunne plass i butikkhyllene både i Europa og Asia, og andelane og posisjonane må det vernas om. 
- Leverer vi ikkje, kan varene frå oss bli bytta ut med varer frå andre. 
Det må derfor tenke langsiktig, og legge inn ein stor innsats i å få landa sild og makrell av rett kvalitet til dei ulike marknadane.


Se innlegg her.

Håkon Otterå hadde innlegg om fangstprøvelotteriet. Otterå vistet til at prøvene som fiskeflåten samlar inn via Fangstprøvelotteriet er grunnlaget for framtidige kvoteråd og dermed også viktig for heile næringa si framtid.  

Gode data gir mest mogeleg korrekte og presise kvoteråd, og fiskarane gjer ein viktig jobb til beste for seg sjølv og resten av næringa. Fangstprøvelotteriet trekker ut enkeltfangstar som de ynskjer prøver frå. Dette blir gjort på ein statistisk sett optimal måte, og alle prøvar som blir trekt ut og som til slutt hamnar hos HI blir opparbeida og brukt i datagrunnlaget for bestandsberekningane. Fangstprøvane gir bl.a. oversikt over kor mange individ det vert fiska av kvar årsklasse, og er no den einaste metoden HI brukar for å få inn prøvar frå dei pelagiske fiskeria.  

Spørsmål om Fangstprøvelotteriet og korleis dette fungerar i forhold til fangstdagboka vil leverandørane av fangstdagbok eller FMC, Fiskeridirektoratet kunna svare på. HI har også ei nettside som inneheld ein del relevant informasjon om Fangstprøvelotteriet (www.hi.no/fangstprover).

Se innlegg her.

Leif Nøttestad (toktansvarleg HI) føredrog om det komande makrelløkosystemtokt i Norskehavet. 

Hovudmålet med toktet er mengdemåling av nordaustatlantisk makrell. Måling skjer med standarisert pelagisk tråling i overflata. Samstundes blir det gjort mengdemåling av kolmule og nvg-sild ved hjelp av ekkolodd, og tråling i djupare vasslag dersom registrering.

På toktet gjer HI òg akustisk, og biologisk kartlegging, av andre artar av sild, hestmakrell, atlantisk laks og rognkjeks. Det blir gjort stimundersøkingar av makrell og sild med sonar, systematiske planktonprøver på 0-200 meters djup. (Med WP2 nett.)

Om bord på Vendla vil det òg bli gjort utprøving og eit pilotprosjekt med Deep Vision. Se her.

Om bord på Eros og Vendla blir observasjonar av kval notert under heile toktet

På fira veker vil seks fartøy frå fem nasjonar kartlegga om lag 3.5 millionar km2. Dette utgjer ti gangar Norge sitt landareal. Fartøya går førehandsbestemte ruter.

På spørsmål frå publikum lova Nøttestad òg regelmessige oppdateringar frå toktet. I eit år utan soneavtale med UK vil slike rapporteringar gjera det lettare for norske fiskarar å fiska makrellkvotane sine.


Se innlegg her.

Stor takk til alle som bidrog!


Se opptak her.