Vassildfiske – eit fiske som snart blir regulert bort?
Pelagisk Forening har sendt brev til NFD vedrørende vassildfiske.
Som kjent arrangerte Fiskeridirektoratet reguleringsmøte i byrjinga av november. Det spesielle i denne saka er det dramatiske forslaget Fiskeridirektoratet kom med. Forslaget kan utradera vassildfisket. I så fall vil den varsla reguleringa sjølvsagt føra til store tap for fiskarar og mottak.
Det blir presisert at Pelagisk Forening sjølvsagt ikkje er motstandar av eit berekraftig fiskeri, men meiner at målet om at mest mogeleg bifangst går til konsum kan nåast på betre måtar. Dette stort sett innanfor dagens regelverk.
«Fiskeridirektøren foreslår at det etableres et regime for stenging og åpning av fiskefelt (RTC) ved fiske etter vassild basert på følgende kriterier:
a) Fiskeridirektoratet kan stenge et område for fiske etter vassild tilsvarende inntil 500 kvadratnautiske mil i inntil 14 dager, hvoretter område gjenåpnes automatisk.
b) Stenging av område for fiske etter vassild kan stenges dersom det er mer enn:
a. 10 % vassild under et gitt minstemål målt i antall i det enkelte hal/fangster.
b. 5 % uer målt i vekt i det enkelte hal/fangster.
c. 35 kg hyse per 100 tonn vassild i det enkelte hal/fangster.»
Det er spesielt punkt c og a som er problematisk. 35 kg per 100 tonn utgjer 0,35 promille. Dette er så lite at det blir uråd å unngå stenging av felt. Dette sjølv om fiskarane gjer sitt yttarste for å unngå hysa.
Det kan òg nemnast at hysa ikkje er ein trua art, og at hysekvotane har auka i 2015. Eventuell bifangst har såleis ikkje negative økologiske konsekvensar. Uer er i fare for å bli raudlista, og det synest underleg at direktoratet legg opp til eit mykje strengare vern av hysa.
Fisket etter vassild skjer med pelagiske trålarar og med ringnotbåtar.
I følje direktoratet er det for ringnotbåtane bifangstproblematikken er størst, men regelen vil råka pelagiske trålarar hardast. Dvs. ikkje fartygruppa regelen er meint å råka.
Kvotane er på ca. 500 tonn. Ringnotbåtane derimot tek vanlegvis heile kvoten på ein tur. Dersom ein ringnotbåt har tatt heile kvoten har ikkje stenging av felt nokon konsekvens for fartyet.
Det paradoksale med forslaget er såleis at om det blir vedtatt kan det råka andre enn det fartyet som har hatt uynskt bifangst.
Fleire pelagiske trålarar er utstyrt med sorteringsanlegg og fabrikk, og tek vare på all bifangst. Hysa blir såleis nytta til konsum. Desse båtane lastar vesentleg mindre enn ringnotbåtane, og nyttar mange turar for å ta kvoten.
Dersom forslag c blir vedtatt, og det blir det truleg dersom ikkje NFD grip inn, vil forslaget truleg føra til at mange farty vel å ikkje fiska vassild. Det vil sjølvsagt har stor negativ verknad for dei mottaka som har spesialisert seg på foredling av vassild.
Fleire reiarlag har investert i utstyr for å sortera ut, foredla og ta vare på bifangst. For desse reiarlaga er vassildfisket ein vesentleg del av driftsgrunnlaget, og det er viktig med stabile rammevilkår. Dersom forslaget blir vedtatt vil desse reiarlaga li store økonomiske tap.
Pelagisk Forening er ikkje prinsipielt mot ein stengingsregel, men stenging må eventuelt berre kunne skje ved langt høgare innslag av bifangst. I punkt b er det forslått stenging ved 5 % innslag av uer, og Pelagisk Forening kan godta stenging dersom det er meir enn 10 % innslag av hysa.
Dersom det blir innført ein stengingsregel kan ikkje felta bli stengt i 14 dagar. To døgn bør vera nok. Dette fordi havet endrar seg heile tida.
Me ber om at NFD tek naudsynte grep for å unngå at forslaget bokstav c blir innført.