Publisert: 17. nov. 2015

Kontroller din status i fiskarmanntalet!

Framlegg til fiskarmanntal for 2016 er sett opp og lagt ut til offentleg innsyn i tida 10. november 2015 og tre veker framover, skriver Fiskeridirekoratet. Fiskeridirektoratet ber om at kvar enkelt kontrollerer sin manntalsstatus for komande år.

Framlegg til fiskarmanntal for 2016 er sett opp og lagt ut til offentleg innsyn i tida 10. november 2015 og tre veker framover.

Framlegget er lagt ut på regionkontora til Fiskeridirektoratet i Vadsø, Tromsø, Bodø,Trondheim, Ålesund, Måløy, Bergen og Egersund.

Framlegget vil og verte utlagt på nettsida til Fiskeridirektoratet, www.fiskeridir.no. Du vil finne lenkje til manntalslistene på denne sida i løpet av morgondagen, tysdag.

Fiskeridirektoratet ber om at kvar enkelt kontrollerer sin manntalsstatus for komande år. Desom du meiner deg feil stroken eller feil ført, kan du klage skriftleg til manntalsførar innan tre veker frå 10.november.

Spørsmål rettast til regionkontora

Regionkontora til Fiskeridirektoratet er manntalsførar kvar for sin region. Spørsmål kan rettast til regionkontoret der du bur etter 10. november:

  • Region Finnmark, Brith O. Hansen tlf. 482 51 909, Jorid Nilsen tlf. 905 20 627
  • Region Troms, Elisabeth Richardsen, tlf. 913 79 242
  • Region Nordland, Per Eilif Sagen, tlf. 481 45 625
  • Region Trøndelag, May Randi Bonesrønning, tlf. 452 99 865, Wenche Wågheim, tlf. 472 53 407
  • Region Møre og Romsdal, Wenche Gjøstøl, tlf. 994 67 191
  • Region Vest, Magne Sumstad, tlf. 906 42 909
  • Region Sør, May Britt Håland, tlf. 476 23 680

Skriftleg klage med grunngjeving kan sendast til:

Fiskeridirektoratet
Postboks 185 Sentrum
5804 Bergen

eller

postmottak@fiskeridir.no

Hugs å merke konvolutten/forsendinga tydeleg med namnet på regionen der du er busett.