Publisert: 28. okt. 2015

Møte om bifangsproblematikken i fikse etter vassild

Den 19. oktober arrangerte Fiskeridirektoratet møte med næringa.

Direktoratet meiner det er for mykje bifangst ved fiske etter vassild, og det synest som om direktoratet meiner at det er blir bevisst ført feil i fangstdagbøker, når direktoratet ikkje er til stades.

Pelagisk Forening, og fleire av fiskarane på møtet, reagerte på denne haldninga.

På møtet blei m.a. erfaringar fra årets fiske diskutert. Herunder bifangst av hyse, sei, uer, torsk og kolmule, og direktoratet spør om det var praksis at mindre vassild har gått til oppmaling.

Fiskarar påpeikte at det var innmeldt vesentleg mindre bifangst enn kva som var satt av til bifangst, og at problemet difor ikkje er så stort som direktoratet gav uttrykk for.

Mogelege tiltak, for å redusera bifangst, blei diskutert.

I dag opnar fisket den 16. februar, og direktoratet vurderte m.a. seinare start på vassildfisket. Pelagisk Forening, og fiskarar, meiner tvert om at det er betre med tidlegare start på fisket. Dette m.a. fordi då er ikkje silda og hysa på gytevandring.

Direktoratet vurderar òg stenging av områder der innblandingen av bifangst er stor.

Andre tiltak som blei diskutert var innføring av fartøykvote uten «maksimalkvote», og flex.

Spørsmålet vil bli diskutert vidare på reguleringsmøtet i byrjinga av november.