/media/fm/46UkVhrgPo.jpg

Kartet viser akustiske målingar av lodde.
I haust har loddbestanden i Barentshavet stått meir samla enn dei siste åra. Det skuldast truleg lågare sjøtemperaturar og at bestanden har blitt redusert. Copyright Havforskingsinstituttet

Publisert: 6. okt. 2015

Nedgang i loddebestanden i Barentshavet

Havforskarane har registrert mindre lodde under årets økosystemtokt i Barentshavet dei førre åra. I helga skal norske og russiske forskarar gå gjennom det innsamla materialet. Rådet for neste års loddekvote kjem like over helga, skriver HI.

Det norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet er ferdig for i år. Forskingsfartøyet ”Johan Hjort” la til kai i Kirkenes denne veka, og i dag presenterte toktleiar Georg Skaret dei første resultata frå toktet.

Kvoteråd i neste veke

– I år har vi sett at loddebestanden er mindre enn tidlegare og at den har klumpa seg saman ganske sentralt i Barentshavet. Dette er noko vi må ta med når vi skal sette oss saman med våre russiske kollegaar for å komme fram til kvoterådet for neste år. Vi reiser til Murmansk i morgon tidleg for å starte på jobben, og rådet må vere klart tidleg i neste veke. Då går det til Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) kor det blir kvalitetssikra. Dei sender det vidare til den norsk-russiske fiskerikommisjonen, fortel Skaret.

Kommisjonen skal møtast i Astrakhan i Russland i neste veke. Der blir både loddekvoten og kvotane for dei andre kommersielle fiskeartane i Barentshavet fastsett.

Alternativ føde for torsken

Lodda er ein viktig nøkkelart i Barentshavet og favorittmaten til torsken.

– Det er grunn til å spørje om lite lodde fører til mindre mat for torsken, men under toktet har vi funne mykje ungsild – spesielt toåringar. Dette kan bli viktig alternativ føde for torsken.

Fleire resultat

Økosystemtoktet i Barentshavet har blitt gjennomført kvart år sidan 2003. Då undersøker havforskarane heile dette fruktbare havområdet frå ”A til Å”. Alt frå planteplankton til kvalar blir kartlagt, dei fysiske miljøforholda som straum og temperatur blir målt, det takast prøvar som blir analysert for forureining, søppel blir registrert og det er med observatørar om bord på forskingsfartøya som observerer og tel sjøfugl. I år har tre norske og eit russisk fartøy gjennomført toktet, og i dagane som kjem vil de bli publisert fleire resultat frå toktet.