Publisert: 3. sep. 2015
Klokt av ministeren
Pelagisk Forening var til stades på Pelagisk Arena i Ålesund.
På møtet uttalte statssekretær Drønen Ringdal at minister Aspaker ikkje ville gjera vesentlege endringar i deltakar- og/eller fiskesalslagslova. Dette sjølv om Tveteråsutvalet sin rapport tilrådde det.
Som kjent var, og er, Pelagisk Forening sterkt kritisk til «Tveteråsrapporten», og det er gledeleg at våre innspel har blitt høyrt.