Publisert: 24. aug. 2015

Ber om dispensasjon frå forbud mot fiske innenfor fjordlinjene

Pelagisk Forening har i eit brev til Fiskeridirektoratet satt fram krav om omgåandre dispensasjon frå forbud mot fiske innanfære fjordlinjene i Møre og Romsdal i fiske etter makrell og hestmakrell.

Bakgrunnen for brevet er at det tradisjonelt er ofte stor makrell, og tidvis òg hestmakrell, innanfor fjordlinjene. Dette gjeld t.d. Vanylvsgapet og Herøyfjorden.

Me ber om at det blir gjeve dispensasjon, utan ugrunna opphald, slik at det blir lov å fiska makrell og hestmakrell innanfor fjordlinjene. Dette uavhengig av storleiken på fartyet.

Det er viktig at dispensasjon blir gjeve så snart som mogeleg, slik at fiskarane kan få fiska makrell og hestmakrell der fisken faktisk er. Makrellfisket startar for fullt i månadsskiftet august/september, og det er viktig at dispensasjon blir gjeve snarast mogeleg. Dette for at tradisjonsrikt fiske ikkje skal bli forseinka av regelverk.

På kort sikt er det tilstrekkeleg med dispensasjon. På lengre sikt bør reglane endrast, slik at problemet ikkje oppstår i det heile.

Pelagiske artar er artar som vandrar, og det er sjølvsagt naudsynt å kunne fiska desse artane der dei er. Me viser til at det er tradisjon for å fiska makrell og hestmakrell innanfor fjordlinjene i Møre og Romsdal.

Det er lange tradisjonar for notfiske, med større båtar, innanfor fjordlinjene. Det er særs uheldig at ei lita interessegruppe, Sametinget, kan avskjera fiskarane frå område der fiskarar har fiska i generasjonar. Dette spesielt i område utan samisk busetnad.

I tillegg er notfiske eit reint fiskeri, med lite bifangst. Omsynet bak reglane om fjordfiske, vern av kysttorsken, talar såleis ikkje for å stenga desse store områda for notfiske etter pelagiske artar.

Å unnlata å fiska innanfor fjordlinjene gjer at norsk næringsliv får større kostnadar, og tapar store beløp.

Pelagisk Forening er sjølvsagt tilhengar av berekraftig fiskeri, men meiner naudsynte grenser ikkje bør skje utifrå kva ei lita særinteresse, Sametinget, meiner. Naudsynte grenser bør skje ved kvotefastsettingar, og val av type fiskereidskap, ikkje på grunnlag av storleiken på fiskefartya.

Pelagisk Forening ber difor om at det snarast blir gjort naudsynte regelendringar slik at det ikkje er storleiksgrenser for kva farty som kan fiska innanfor fjordlinjene. Dette gjeld spesielt for makrell og hestmakrell.

Me ber òg om at forboda, for fiske etter sei og pelagiske artar, blir permanent oppheva i god tid før neste kvoteår. Permanent oppheving av forbod mot fiske innanfor fjordlinjene vil oppheva behovet for dispensasjonar, redusera byråkratiet og føra til forenkling og forbetring.