Publisert: 21. aug. 2015

Forslag om oppheving av straffetrussel mot fiskarar

I fiskerilovgjevinga er det mange straffetruslar, og strafferammene er jamt over vesentleg høgare enn for andre næringar. Til og med for ferie har lovgjevar klart å fastsetja eit straffebod for fiskarar. I rettferdas namn skal det nemnast at det er tvilsamt om nokon er dømt for brot på lov om ferie for fiskarar, men straffebodet synleggjer kanskje ei haldning til fiskarar…

Ferielova inneheld ikkje straffebod for den som bryt lova, utanom dei handlingar som blir ramma av dei tilknytte reglane om utbetaling av feriepengar og løn i arbeidsmiljølova §§ 14 og 15.

Ferielova lova gjeld ikkje for fiskarar. Se ferieloven.

For fiskarane gjeld lov om ferie for fiskarar. Denne lova fastset bøtestraff for brot på deler av lova.

No har departementet foreslått å oppheva lov om ferie for fiskarar, og justera ferielova slik at den òg gjeld for fiskarar. Ein verknad av forslaget, dersom det blir vedtatt, er at straffebodet blir oppheva.

Hovudsiktemålet, med forslaget, er å forenkle regelverket. Det er også eit mål å gi fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste dei same rettane som andre arbeidstakarar.

Lovforslaget inneber at heile lova om ferie for fiskarar blir oppheva, og at fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste blir omfatta av lov om ferielova.

Lovforslaget inneber at fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste no skal omfattast av reglane i ferielova. Fiskarar som ikkje utfører arbeid i andre si teneste (typisk eigar) vil ikkje lenger ha ein lovfesta rett til ferie.

Tilsette fiskarar vil få rett til 18 dagar samanhengande ferie, mot 12 dagar no, i tidsrommet 1. juni til 30. september. Det blir ikkje lengre unntak dersom «driftsmessige grunner gjør det nødvendig å legge ferien utenfor dette tidsrom.»

I nogjeldande lov, for fiskarar, er det rett til å ta ut ferien i perioden 16. mai til 30. september.

Endringane kan såleis gjera drifta vanskelegare, i og med at det blir rett til lengre samanhengande ferie, og i ein kortare periode.

Det skal trekkast feriepengar i hyra, men ikkje i lott.

Forslaget inneber ikkje ei lønsauke for fiskarane.

Les heile forslaget her.