Publisert: 7. jul. 2015

Ber om endring av reglane for fiske innanføre fjordlinjene

Pelagisk Forening ber om endring av reglane for fiske innanføre fjordlinjene i eit brev til Fiskeridirektoratet.

Me viser til forskrift om utøvelse av fisket i sjøen, forskrift 2004-12-22-1878, § 33 bokstav f.

Som kjent er det nett gjeve dispensasjon for fiske etter makrell innanfor fjordlinjene i Troms, jf. J-169-2015. Dette er eit skritt i rett retning, men er diverre ikkje tilstrekkeleg.

Me ber om at reglane blir endra, utan ugrunna opphald, slik at det blir lov å fiska sei og makrell innanfor alle fjordlinjene. Dette uavhengig av storleiken på fartyet.

Det er viktig at endringa skjer så snart som mogeleg, slik at fiskarane kan få fiska sei og makrell der fisken faktisk er.

På kort sikt er det tilstrekkeleg med dispensasjon. På lengre sikt bør reglane endrast, slik at problemet ikkje oppstår i det heile.

Pelagiske artar er artar som vandrar, og det er sjølvsagt naudsynt å kunne fiska desse artane der dei er. Me viser til at det p.t. er rapportert fin og verdifull sei og makrell innanfor fjordlinjene.

Det er lange tradisjonar for notfiske, med større båtar, innanfor fjordlinjene. Det er særs uheldig at ei lita interessegruppe, Sametinget, kan avskjera fiskarane frå område der fiskarar har fiska i generasjonar.

I tillegg er notfiske eit reint fiskeri, med lite bifangst. Omsynet bak reglane om fjordfiske, vern av kysttorsken, talar såleis ikkje for å stenga desse store områda for notfiske etter pelagiske artar.

Å unnlata å fiska innanfor fjordlinjene gjer at norsk næringsliv får større kostnadar, og tapar store beløp.

Pelagisk Forening er sjølvsagt tilhengar av berekraftig fiskeri, men meiner naudsynte grenser ikkje bør skje utifrå kva ei lita særinteresse, Sametinget, meiner. Naudsynte grenser bør skje ved kvotefastsettingar, og val av type fiskereidskap, ikkje på grunnlag av storleiken på fiskefartya.

Når det gjeld sei er det slik at kystgruppa fiskar på ein felles kvotegruppe, og med same type bruk. Dette anten fartyet er over eller under 28 meter.

Seifisket er overregulert, og difor er det i praksis eit kappfiske for å få fiska mest mogeleg før direktoratet eventuelt stoggar fisket. Alle fiskarar må difor kunne fiska på like vilkår der fisken er størst, har best kvalitet og gjev best pris. Noko anna er konkurransevridande.

Pelagisk Forening ber difor om at det snarast blir gjort naudsynte regelendringar slik at det ikkje er storleiksgrenser for kva farty som kan fiska innanfor fjordlinjene. Dette gjeld spesielt for sei og makrell.

Me ber òg om at forboda, for fiske etter sei og pelagiske artar, blir permanent oppheva i god tid før neste kvoteår. Permanent oppheving av forbod mot fiske innanfor fjordlinjene vil oppheva behovet for dispensasjonar, redusera byråkratiet og føra til forenkling og forbetring.