Nytt utval skal betre samarbeidet mellom næring og forsking- FUR
Fiskeriministeren har oppretta eit nytt rådgjevande utval for ressursforsking som skal gje innspel frå næringa om forsking og bestandsovervaking.
- Næringa sit på kunnskap om fiskebestandane våre. Det er viktig å kople næringa og forskinga sine kunnskapar, for å få så godt grunnlag for havforskinga som råd er, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Det rådgjevande utvalet blir leia av Norges Fiskarlag og der blir representantar frå Norges Kystfiskarlag, Pelagisk Forening og Havforskingsinstituttet.
- Eg håpar utvalet kan bidra til felles forståing av utfordringane i ressursforskinga, og at næringa og styresmaktene saman drar lasset i arbeidet med vidare innsats på dette feltet, legg Aspaker til.
Utvalet skal årleg lage ein rapport med innspel til vidare arbeid og prioriteringar innanfor ressursforskinga.
Utvalet vil ha av desse medlemmene:
Kjell Ingebrigtsen (leiar) (Norges Fiskarlag)
Solveig Strand (Norges Fiskarlag)
Jan Ivar Maråk (Norges Fiskarlag)
Øystein Sulebak Ormbostad (Norges Kystfiskarlag)
Rose-Mari Berge (Pelagisk Forening)
Harald Loeng (Havforskingsinstituttet)
Randi Ingvaldsen (Havforskingsinstituttet)
Katja Enberg (Havforskingsinstituttet)
Ole Thomas Albert (Havforskingsinstituttet)
Bjarte Bogstad (Havforskingsinstituttet)