Publisert: 19. jun. 2015

Auke i hysekvoten for 2015

Noreg og Russland er i dag på eit møte i Moskva vorte einige om å auke hysekvoten for 2015 frå 178.500 tonn til 223.000 tonn. Bakgrunnen for auken er at forskarane på eit møte om metoderevisjon tidlegare i år vart einige om ein revidert metodikk for bestandsvurderinga, og det inneber ei kraftig oppjustering av hysebestanden.

Avtalen om auke i hysekvoten for 2015 ble undertegna av Arne Røksund som er norsk delegasjonsleiar for Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen og nestleiaren for det føderale fiskeribyrået, Vasiliy Sokolov.

Det er for det meste gammal fisk i alderen 9-11 år som er oppjustert, og dette er fisk som har teke ut det meste av vekstpotensialet sitt. Det er derfor ikkje mykje å hente på å vente med å ta ut meir av denne fisken. Auken er på 25 prosent av den opphavlege kvoten, og dette er i tråd med forvaltningsregelen.

Fiskeridirektoratet vil no vurdere korleis og når kvoteauken skal gjennomførast.