Publisert: 19. mar. 2015
Torsk som bifangst ved loddefiske
Fiskeridirektoratet opplyser at det er observert mykje torsk i loddefangstar ved Sørøya. Direktoratet oppmodar om ein god dialog med Kystvakta, og om at det blir informert dersom det blir observert torsk.
De oppmodar fiskarane om å væra særs aktsame ved utøving av loddefisket, slik at stenging av områder kan unngåast. Direktoratet oppmodar òg om at eventuell torsk blir sortert ut. Dette for at torsk skal bli nytta til konsum, og ikkje gå til oppmaling.
Det er forbode å fiska eller lande torsk til oppmaling, og direktoratet gjer òg merksam på at fangst av torsk skal rapporterast elektronisk og førast på setel.