Publisert: 6. mar. 2015

Sildetoktet - takk til forskarane, arbeidsgruppa og Torfinn Gangstad

Eit sildetokt er nyss avslutta. Det er fyrste gong i historia det har vore eit slikt samarbeid mellom forskarar og fiskarar. Ikkje berre i Noreg, men truleg òg internasjonalt.

Dette unike samarbeidet starta etter initiativ frå Lodve Gjendemsjø, som har ringnotbåten «Inger Hildur» og er medlem av Pelagisk Foreining. Lodve var primus motor bak det første møtet mellom forskarar og fiskarar. Pelagisk Forening arrangerte møtet, som var den 4. mars 2014. Sildelaget sitt lokale var stappfullt, temperaturen høg men prosessen var i gong!

Etter dette arrangerte HI eit «dialogmøte» og det blei det danna ei arbeidsgruppa, med representantar frå Fiskarlaget, Fiskebåt og Pelagisk Forening. Torfinn Gangstad representerer Pelagisk Forening, har kystnotbåten Midøy Viking og er medlem av Pelagisk Forening. Torfinn var primus motor, og har mellom anna stifta foreininga Pelagisk Dugnad (org.nr. 914 940 842) og tatt initiativ til kronerulling blant fiskarane.

Torfinn har fiska sild sidan 1964, og har såleis særs lang erfaring frå dette fiskeriet. Ei erfaring som var særs viktig på toktet! I tillegg har han ein væremåte som var, og er, særs viktig for samarbeidet med HI sine forskarar. Torfinn har fullrost både samarbeidet og forskararane mange gonger. Torfinn var med på toktet i to veker, men har i tillegg arbeidd fulltid i fleire veker før og etter toktet. Det kan nemnast at Torfinn har aldri bedt om korkje løn eller dekning av reisekostnadar.

Pelagisk Forening takkar sin representant Torfinn Gangstad, og alle andre som deltok i arbeidet med sildetoktet.

Pelagisk Forening vonar òg at HI og politikarane kjenner si besøkstid, aukar kvoteråd og kvotane og prioriterer meir forsking på sild.