Publisert: 20. jan. 2015

FISKARDUGNAD FØR NVG-GYTETOKTET

Som mange kjenner til har fiskarane tatt initiativ til betre bestandsmålingar av norsk vårgytande sild (NVG). Dette for å få meir korrekte mål av bestanden. Det er danna ei samarbeidsgruppa for fiskarane, med representantar frå Fiskebåt, Norges Fiskarlag og Pelagisk Forening. Samarbeidsgruppa jobbar opp mot Havforskingsinstituttet (HI). Så langt er det gjennomført to felles toktplanleggingsmøte, og samarbeidet med HI er særs bra.

HI har òg lyst ut etter farty til gytetoktet, og endeleg val av båtar vil skje måndag 19. januar.

For at toktet skal kunne gjennomføras mest mogeleg effektivt, og gi best mogeleg resultat, ber samarbeidsgruppa sildefiskarane om å delta på to ulike dugnadar. Dette for å observere sildekonsentrasjonar frå i dag og fram til toktstart 2. februar 2015.

Dugnad 1:

Båtar som skal sigla til Island for å fiska lodde blir bede om å observera sildeførekomstar og rapportera desse til HI. Farty som vil delta i denne dugnaden blir bede om å melda seg til Norges Sildesalslag sin innmeldingstelefon dagen før utsegling. Det vil då bli avtalt ein startposisjon nær der fartyet er, og gjeve meir informasjon.

Dugnad 2:

Båtar som skal fiska sild på Norskekysten blir bede om å donera opp til to døgn i perioden 28. januar til 1. februar, for å delta i ei finare dekning av dei sildekonsentrasjonane som islandsbåtane har observert frå Eggakanten og utover. Dess betre bilete ein har av fordlinga av sild ute i havet rett før toktstart, jo mindre område og tettare dekning kan toktfartøya gå. Farty som vil delta i dugnad 2 blir bede om å kontakta Torfinn Gangstad.

Samarbeidsgruppa understrekar at det er fyrste gong det skjer eit slikt samarbeid mellom fiskarane og HI, og at dette er eit særs viktig forskingstokt for fiskarane. Ein vil og understreke at begge dugnadane vil spela ein stor rolle for kvaliteten av toktet. Ved å delta kan fiskarane gje eit viktig bidrag til å få betre kunnskap om storleiken på sildebestanden.

Spørsmål kan rettast til Torfinn Gangstad på tlf. 918 12 473 e-post tor-gan@online.no eller Jens Christian Holst, tlf. 971 70 960, e-post jens@ecosystembased.com

Fiskarlaget representert v/Kjell Bjørnar Bakken

Fiskebåt v/Audun Maråk

Pelagisk Forening v/Ask Økland