Publisert: 15. jan. 2015

HI ynskjer fiskeprøvar frå ringnot og pelagisk trål

Me har fått ein førespurnad frå HI, angåande innsamling av prøvar til Havforskningsinstituttet av pelagisk fisk frå ringnot og pelagisk trål. Det er viktig at HI får nok prøvar frå fisket frå alle fangstfelt og frå alle tidsperiodar fisket føregår, for å få ei god årsklassefordeling av dei ulike pelagiske artane som blir fiska.

Dersom kvart fartøy som fiskar med ringnot og pelagisk trål fryser ein prøve til oss frå kvar tur, vil HI sikra seg eit godt prøvemateriale både i rom og tid. Beste måten å få tak i prøvane på meinar dei vil vera at dei blir levert i land på det mottaket fartøyet leverer fangsten til, og at dei ulike mottaka samlar prøvane og sender dei til oss etter avtale. Dei fartøya som leverer fangst i utlandet må ha prøvane om bord til dei kjem til norsk havn.

I kvar prøve av NVG-sild, nordsjøsild, makrell, hestmakrell, brisling og kolmule brukas 50 fisk, i kvar prøve av lodde brukas 100 fisk. Det er viktig at det er ein samfengt (tilfeldig prøve). På NVG-sild brukar me risp (skjell) til aldersfastsetjing, så her er det viktig at sild til prøven vert teken av tidleg under ombordpumpinga for å sikra seg at ikkje silda misser for mykje risp. På dei andre artane brukas otolittane (øyresteinane) til aldersfastsetjing.

Merking av prøvane: Fartøynavn, fiskeart, fangstdato, fangstposisjon og fangstkvantum.

Ta kontakt med HI v/ Jostein Røttingen, tlf. 45251951, e-post jostein.roettingen@imr.no, om de har spørsmål eller eitkvart er uklårt.