Ber om at regelverket for fangstrapportering blir endra
I et brev til NFD ber Pelagisk Forening om at regelverket for fangstrapportering blir endra. Bakgrunnen for denne henvendinga er mange straffesaker som følje av for strengt regelverk, når det gjeld plikta til å estimera fangstmengde pelagisk fisk i rsw-tankar.
Me viser òg til regjeringa sitt slagord «Fornye, forenkle og forbedre». Me ber såleis om at regelverket, for fangstrapportering, blir endra slik at regelverket ikkje stiller krav som er uråd å etterleva. Altså at næringsutøvarar ikkje blir kriminalisert for feil det er uråd å unngå.
Me ber difor om at departementet instruerer Fiskeridirektoratet om å ikkje ilegga åtvaringar eller politianmelda avvik på mindre enn 20 %, eller på annan forsvarleg og open måte syt for at Fiskeridirektoratet sin praksis blir endra.
Les brevet her.