Publisert: 11. sep. 2014

Høyringssvar vedr. struktur i ringnot

I høyringssvaret, til Fiskebåt sitt forslag om heving av kvotetaket i ringnot, legg Pelagisk Forening vekt på at forslaget vil føra til kapitalflukt frå næringa, lønsame arbeidsplassar blir erstatta med gjeld, tap av arbeidsplassar og dårlegare miljø.

Pelagisk Forening er ikkje imot struktur, men er imot struktur når det ikkje er naudsynt, og meiner at det sterke fokuset på struktur tek bort fokus frå andre tiltak som kan gjera næringa meir lønsam.

Pelagisk Forening meiner at:

  • Forslaget kan føra til tap av ca. 30 farty, og minst 400 arbeidsplassar på sjøen. I tillegg kjem tap av mange arbeidsplassar, kompetanse og redusert innovasjon i tilknytte næringar langs kysten.
  • Forslaget kan føra til auka gjeldsgrad, og at eigenkapital forsvinn frå næringa.
  • Strukturfokus gjev mindre fokus på alternative måta å auka lønnsemda.
  • Meir enn 2/3 av ringnotbåtane er ikkje fullstrukturerte. Stabilitet i næringa er naudsynt. Struktur bør difor ikkje vurderast før 85 % av flåten er fullstrukturert.
  • Strukturering er irreversibelt, og forslaget er i strid med havressurslova § 1.
  • I innleiinga til høyringsbrev skriv NFD at forslaget kjem frå Fiskebåt sitt årsmøtet. Forslaget synest såleis å vera skreddarsydd for å auke fortenesta til den fullstrukturerte delen av ringnotflåten.
  • Rekrutteringa til fiskaryrket vil bli svekka ytterlegare, og på lang sikt true Noreg sin ambisjon om å vera «verdas beste sjømatnasjon.»
  • Det er eit paradoks at Staten vil strukturera bort hundrevis av usubsidierte arbeidsplassar, på havet, samstundes som Staten subsidierar tusenvis av andre arbeidsplassar via nettolønsordninga.
  • Fartya vil bli meir avhengige av å fiska meir på kvar tur. Når turane varar lengre vil kvaliteten på fangstane gå ned. Marginale fiskerier vil òg bli ulønsame.

Sjå heile høyringssvaret her.