Publisert: 2. mai 2014

Positivt møte med Hi og Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektoratet og Havforskningsinstituttet har eit prosjekt kalla ”SLIPPING AV MAKRELL VED NOTFISKE»

«Observasjon og evaluering av utøvelsen av ny forskrift for slipping av makrell fra snurpenot «

Siktemålet er å finna fram til metodar å sleppa makrell ut av nota for å unngå neddreping av for store fangstar.

Onsdag 30. april var det møte der prosjektet blei presentert, og næringa blei invitert til å koma med innspel og synspunkt.

På møtet deltok m.a. fiskeridirektør Liv Holmefjord, representantar frå HI, Fiskeridirektoratet, Fiskarlaget, Fiskebåt og Pelagisk Forening.

Møtet var svært positivt, og Pelagisk Forening er glade for at HI og Fiskeridirektoratet lyttar til innspel frå næringa.

Pelagisk Forening er særleg opptatt av at erfarne aktive fiskarar er med på prosjektet, og at det ikkje er eit regelverk som kriminaliserar fiskarar i situasjonar der det er uråd å ha oversikt over kor mykje fisk som er i nota.

Les rapporten frå samarbeidsprosjektet her.