Positivt møte mellom fiskarar og HI
Den 4. mars arrangerte PF dialogmøte mellom Havforskningsinstituttet og fiskarar. Tema for møtet var vurdering av storleiken på bestanden av norsk vårgytande sild, tobis og makrell. Bakgrunnen var dei store avvika mellom havforskarane sine bestandanslag, og mengdene fiskarar rapporterer om.
Møtet var i Sildelaget sin styresal, som var stappfull av engasjerte folk! Det deltok ca. 50 personar på møtet. Det deltok mange fiskarar, frå dei ulike fiskeriorganisasjonane, og HI stilte med sju forskarar. Sildelaget, Fiskarlaget og fiskeripressa var òg til stades. Pelagisk Forening er glade og takksame for at så mange deltok.
I etterkant av møtet har me fått mange positive tilbakemeldingar, på initiativet og møtet.
Framover vil Pelagisk Forening arbeide for å etablera ei forskargruppa som kan supplera forskinga til HI, og koma med innspel til ICES.
Me kjem attende med meir.