Fiskeriministeren om leveringsplikt
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker slo fast at ordninga med leveringsvilkår står fast, då ho svarte på spørsmål i spørjetimen i Stortinget onsdag, skriver NFD.
- Det er ikkje vanskeleg å forstå at dei kommunane i nord som nå fryktar for arbeidsplassar, engasjerer seg. Samtidig er det inga framtid i arbeidsplassar som er ulønnsame. Vi er nøydde til å gjere noko med lønnsemda i fiskeindustrien. Råstofftilførselen må i større grad organiserast ut frå industrielle føresetnader, og regjeringa vil derfor knyte leveringsplikta til ulike regionar heller enn til enkelte anlegg og kommunar, sa Aspaker, og la til at ho vil leggje til rette for dialog med berørte partar i det vidare arbeidet med leveringsplikta.
Aspaker var i innlegget sitt opptatt av at ein må finne løysingar på dagens situasjon med mykje usikkerheit og lange permitteringar:
- Norsk fisk møter global konkurranse. Behovet for omstilling blir stadig meir påtrengjande. Ulønnsame arbeidsplassar er usikre arbeidsplassar for den enkelte tilsette og for dei kommunane dette gjeld.
Aspaker peika på at trygge, heilårlege og lønnsame arbeidsplassar er ein viktig føresetnad for å kunne auke verdiskapinga i sjømatnæringa og for at ungdom skal sjå denne næringa som eit attraktivt og framtidsretta yrkesval.
- Utfordringa med lønnsemd i fiskeindustrien er vel kjend og ein av hovudgrunnane til at den førre regjeringa nemnde opp sjømatindustriutvalget som skal gå gjennom heile verdikjeda og gi råd om tiltak for å skape lønnsame bedrifter også på industrisida. Problemstillinga er kompleks, og eg ser ingen enkle svar. Spørsmål om korleis leveringsplikter skal følgjast opp er ein av mange faktorar som må drøftast i denne samanhengen, sa Aspaker.