Kvotebytte i loddefisket for ringnotflåten
Nærings- og fiskeridepartementet har nå bestemt at det skal innføres ei prøveordning med kvotebytte for ringnotflåten i fiske etter lodde ved Island og i Barenshavet. Pelagisk Forening har jobbet med å innført dette i flere omganger, både i reguleringsmøte og i møte med fiskeriministeren, og håper dette blir blir en god løsning for rederiene. Les her.
Vi innfører no ei ordning med kvotebytte for ringnotflåten i fiske etter lodde ved Island og i Barenshavet. Det er ei prøveordning for 2014, som vi innfører etter ønskje frå flåten, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker. Formålet er å legge til rette for ei lønnsam og tenleg gjennomføring av desse to fiskeria, skriver Nærings- og fiskeridepartementet
Ordninga går ut på at to samarbeidande fartøy i ringnotflåten kan bytte loddekvotar innbyrdes, slik at eitt av fartøya kan fiske begge fartøya sine loddekvotar i Barentshavet, medan det andre fartøyet får fiske begge fartøya sine loddekvotar ved Island. –På denne måten tek vi også vare på mannskapa sine interesser, seier Aspaker.
Berre to fartøy kan delta i kvart kvotebytte, og byttet må gjelde heile kvoten. Eitt fartøy kan ikkje delta i meir enn eitt kvotebytte i løpet av 2014. Også fartøy med leigefartøyløyve kan delta i ordninga. Fartøy som ønskjer å delta i kvotebytteordninga må sende melding til Fiskeridirektoratet innan ein fastsett frist. Grunnen til at denne ordninga blir innført er dei låge kvotane på lodde, og dette tiltaket kan gje betre økonomi i fisket.
Nærings- og fiskeridepartementet understrekar at dette er ei mellombels prøveordning. Departementet vil vurdere effekten av ordninga og ta dette med i det vidare arbeidet med kvotesystemet.