Lovendring: Forbod mot diskriminering på skip
Frå og med 1. januar 2014 trer kapittel 10 i skipsarbeidslova i kraft. (Resten av lova trådde i kraft i august i år.)
I media fekk skifte av omgrep frå «sjømann» til «skipsarbeider» stor merksemd, men dei viktigaste endringane var:
- Heving av aldersgrensa frå 62 til 70 år.
- Styrking av stillingsvern.
- Utviding av permisjonsrettar.
- Reiarlaget blei solidarisk ansvarleg for arbeidsgjevar sine økonomiske plikter.
- Styrking av sjøfolk sin rett til drøfting og informasjon.
Frå nyttår blir det innført forbod mot diskriminering.
Direkte og indirekte diskriminering på grunn av politisk syn, kjønn, seksualitet, medlemskap i arbeidstakarorganisasjon, alder, etnisitet, religion og nedsett funksjonsemne blir forbode.
Det er unntak frå forbodet, mot diskriminering, dersom «Forskjellsbehandling som har et saklig formål, ikke er uforholdsmessig inngripende overfor den eller de som forskjellsbehandles og som er nødvendig for utøvelse av arbeid eller yrke»
Dei som er blitt diskriminert i strid med lova kan kreve oppreisning og skadebot uavhengig av om arbeidsgjevar eller reiarlag kan klandras for diskrimineringa.