Publisert: 2. des. 2013
Forskning på NVG
Pelagisk Forening har fått meldingar, frå medlemmar, om at det er ynskjeleg at Havforskningsinstituttet (HI) forskar meir på NVG.
Me har forståing for at forskingsaktiviteten sjølvsagt er avhengig av budsjettsituasjonen, men vil med dette gje uttrykk for at det stort behov for vesentleg auke av forsking på NVG.
Me ber om å få opplyst i et brev til HI:
- Kor mange døgn var HI på havet og forska på gytemoden NVG-sild i 2013?
- Kor mange døgn var HI på havet og forska på umoden NVG-sild i 2013?
- Kva tid på året var HI på havet og forska på NVG?
- Kva slag metodar blir nytta ved prøvetaking av NVG-sild?
- Korleis kjem HI fram til storleiken på totalbestanden?
- Kor stor del av bestanden blir satt av til fiske?
- Kor stor del av bestanden blir satt av til predatorar?
- Kor stor er naturlig dødelegheit (i prosent)?
- Dersom HI finn meir NVG-sild på leitinga i vinter, vil det føra til tilråding om auka kvote for 2014 og/eller seinare år?
- Me forstår at mottaksanlegga har naudsynt infrastruktur for å registrera merka fisk. Kva skal til for at HI gjer nye sildemerkingstokt?