Publisert: 21. nov. 2013

Minstepris - PF sitt høyringssvar angåande nytt nemndssystem

Fiskeri og kystdepartementet har sendt to forskrifter til ny fiskesalslagslov på høyring.

Fiskesalslagslova og forskriftene skal erstatta eksisterande råfisklov, og er i stor grad ei vidareføring av gjeldande rett og dagens praksis.

Den viktigaste endringa, i forslaget, er innføring av eit nemndssystem som skal fastsetja minstepris når fiskarane og mottaka ikkje blir samde.

I forslaget blir det drøfta om det bør vera ei nemnd for alle fiskeslag, eller om det bør vera ei nemnd for kvitfisk og ei nemnd for pelagisk fisk.

Pelagisk Foreining støttar forslaget om ei nemnd for kvitfisk og ei nemnd for pelagisk fisk. Dette fordi me ser det som ein føremon at nemndene har størst mogeleg kompetanse om pelagisk fiskeri.

Les høyringsdokumenta her.

Les høyringssvaret her.

Eit forslag til ny forskrift om kvalitetskrav til hausting og handtering av råstoff, med heimel i § 16 i fiskesalslagslova, vil bli sendt på høyring seinare.