Aspaker møtte den færøyske fiskeriministeren
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker møtte i går den færøyske fiskeriministeren Jacob Vestergaard i Oslo for å drøfte saker av felles interesse. Noreg og Færøyane har ei lang historie med godt samarbeid på fiskeriområdet, som dei siste åra likevel har vore prega av at Færøyane einsidig har fastsett kvotane på makrell og no i år også på norsk vårgytande sild, skriver FKD på nettsidene sine.
- Eg har vore klar på at alle partar bør halde seg til tidlegare avtalt fordeling til ein eventuell ny avtale er på plass. Ingen part bør vedta kvotar på einsidig grunnlag som gjer at vi overstig dei råda forskarane har gitt, seier Aspaker.
– Det er viktig for meg å møte og etablere gode relasjonar til kollegaer frå land som vi må samarbeide med, fordi vi har interesser i dei same, viktige fiskebestandane. Derfor var det eit nyttig møte der vi drøfta om det er mogleg å komme vidare i vanskelege saker som forvaltninga av makrell og sild, seier fiskeriministeren.
Aspaker seier at ho er opptatt av å finne løysingar som er balanserte for alle partar og som tar vare på kravet til ei berekraftig forvaltning. Ho understrekar at Noreg vil arbeide konstruktivt for å bli einige, men også at vi kjem til å arbeide for å ivareta våre eigne nasjonale, legitime interesser. Dei som fiskar makrell og sild i Noreg er like avhengige av dette som yrkesbrørene deira på Færøyane, seier ho.