Publisert: 4. nov. 2013

Nye forslag til kontrolltiltak i torskefisket

Etter rykter om ulovlegheiter ved landing av fisk i samband med torskefisket i vinter sette Fiskeridirektøren ned eit utval som no leverer ein rapport med fokus på tiltak for å redusere uregelmessigheiter, skriver Fiskeridirektoratet på sine nettsider.

Utvalet vart samansett av representantar frå Norges Råfisklag, Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag, Fiskeri- og havbruksnæringens Landsforening, Norske Sjømatbedrifters Landsforening og vart leia av Fiskeridirektoratet.

Av tiltak utvalet foreslår på kort sikt er:

  • Indre justis med bevisstgjering av konsekvensar av manglande etterleving av regelverket. Det vil mellom anna bli arrangert fleire dialogmøter mellom Fiskeridirektoratet og næringa i november og januar.
  • Betre identifisering av den enkelte landing ved å merke fisken tydeleg og klart avskilt frå andre fangster.
  • Betre og meir omfattande kontroll ved mellom anna meir samordning mellom ulike kontrollinstitusjonar og bruk av døgnkontinuerleg kontroll

Utvalet meiner at fleire tiltak kan iverksetjast alt til komande vintersesong.

Fleire tiltak kan du lese om ved å laste ned heile rapporten.

Les forslag til kortsiktige tiltak for å sikre korrekt registrering av fangst