Stipend til jusstudent
Pelagisk Forening har utlyst stipend til jusstudent som vil skriva masteroppgåva om strafferettsleg regulering av fiskerilovgjevinga. Siktemålet er å få ei vitskapleg vurdering av fiskarar og reiarlag sin rettstryggleik, gebyrreglane, inndraging som straff, årsakene til dei høge strafferammene for brot på fiskerilovgjevinga m. m.
Det siste studiesemesteret må alle jusstudentar skriva ei masteroppgåve. Studentane vel sjølv emne, men Universitetet stiller krav til fagleg nivå på oppgåva.
Universitetet i Bergen har teke på seg ansvar for den faglege rettleiinga av studenten som får stipendet.
Ved å tilby stipend håpar Pelagisk Forening at den kan få satt vitskapleg søkelys på rettstryggleiken, og andre viktige problemstillingar, for fiskarar og reiarlag.
Pelagisk Forening håpar at studentar finn emnet og stipendet interessant.
Les utlysinga her.