Publisert: 23. sep. 2013
Overføring av fangst mellom fartøy
Pelagisk Forening er i det store og heile samd forslaget i høyringsbrevet vedr. overføring av fangst mellom fartøy i pelagisk fiskeri. Pelagisk Forening meiner at det er fornuftig og gledeleg at forskriftene blir endra, slik at dei samsvarar med korleis fiskeri faktisk blir utført. Like eins er det positivt at det blir lagt til rette for mest mogeleg økonomisk og rasjonell drift for fiskefartøya. Det er såleis positivt at styresmaktene opnar for overføring når fartøy er «konsumlasta» eller har tatt sin kvote.
Pelagisk Forening støttar forslaget, slik det er formulert i forslaget til forskriftsendringar, men presiserer at innstrammingar i reglane om kvotefleksibilietet er svært uheldig.
Les hele høyringssvaret her.