Publisert: 12. sep. 2013
Skipsarbeidslova har tredd i kraft
Den 20. august tredde skipsarbeidslova i kraft. Frå same tidspunkt er sjømannslova oppheva.
Kapittel 10 i skipsarbeidslova trer i kraft 1.1.14. Frå same tidspunkt blir sjømannslova kapittel 11 a oppheva.
Dei viktigaste endringane er:
- Heving av aldersgrensa for sjøfolk fra 62 til 70 år.
- Styrking av stillingsvernet for sjøfolk. I stor grad harmonisert med stillingsvernet som gjeld for arbeidstakarar på land gjennom arbeidsmiljølova.
- Utviding og klargjering av sjøfolk sine permisjonsrettar.
- Klargjering og utviding av prosessreglane ved tvist om arbeidsforhold.
- En styrking av arbeidstakernes rett til drøfting og informasjon.
- Av hensyn til en kjønnsnøytral lovgjeving blir uttrykket "sjømann" erstatta med "arbeidstaker", og at den nye lova heiter "skipsarbeidsloven" (og ikke lenger sjømannslova).