Publisert: 2. sep. 2013

Svar til direktoratet om avvikling av hysefisket

Fiskeridirektoratet har bede Pelagisk Forening om synspunkt på reguleringa av kystgruppens fiske etter hyse nord for 62°N.

I sitt svar viste Pelagisk Forening til at det var fritt fiske føregåande år.

Direktoratet sin statistikk syner at frå og med veke 34 og ut året fiska kyst, open og lukka gruppe, føljande kvanta hyse:

2012 – 16 871 t

2011 - 15 589 t

2010 - 12 693 t

Per 29.8.13 er 12 067 t ufiska av årets kvote. Eventuell tredjelandskvote kjem i tillegg.

Statistikken syner såleis at det er rom for fritt fiske ut året. Dersom direktoratet seinare ser at heile den kvoten kan bli fiska opp, har direktoratet høve til å stenga fisket, og avsetja noko hyse til bifangst.

Pelagisk Foreining ba difor om at direktoratet opnar for fritt fiske så snart som mogeleg.