Publisert: 31. mai 2016

Kvoterådet for nordsjøsild går ned

Kvoterådet for nordsjøsild for 2017 går ned med over 90 000 tonn: frå 518 242 til 426 259 tonn. Nedgangen skuldast at bestanden er nedjustert etter at det er lagt til grunn nye, lågare tal for naturlig dødsrate, skriver HI.

– Nordsjøsilda er i god forfatning, og ligg godt over referansepunkta. Nedgangen i kvoterådet er ein naturleg konsekvens av at den naturlege dødsraten er nedjustert med 15 prosent, seier Cecilie Kvamme, som er bestandsansvarleg for nordsjøsild på Havforskingsinstituttet.

Svak rekruttering

Sildefisket i Nordsjøen skjer i eit direktefiske med ringnotfartøy og trålarar, og årets fiske er alt godt i gang. Cecilie Kvamme fortel at bestanden vert hausta berekraftig. Rekrutteringa har vore dårleg i ei årrekkje med unntak av 2013-årsklassen.

– Haustingsregelen tek omsyn til den svake rekrutteringa. Det betyr at nordsjøsildbestanden har full reproduksjonskapasitet, seier Cecilie Kvamme