Publisert: 17. jul. 2013

Ny skipsarbeidarlov

Frå 20. august blir sjømannslova avløyst av skipsarbeidslova.

Utgangspunktet for arbeidet med skipsarbeidslova har vore å harmonisera reglane i sjømannslova med reglane i arbeidsmiljølova. Det har vore ei utvikling i rettspraksis der domstolane i stadig større grad har tolka sjømannloven i samsvar med arbeidsmiljøloven, der det har vore mogeleg. Dette blilr nå vidareført i den nye skipsarbeidslova.

Dei viktigaste endringane er:

  • Heving av aldersgrensen for sjøfolk frå 62 til 70 år.
  • Styrking av stillingsvernet for sjøfolk.
  • Stillingsvern som i stor grad harmoniserer med de som gjeld for arbeidstakarar på land, jf. arbeidsmiljølova.
  • Utviding og klargjering av sjøfolk sine permisjonsrettar.
  • Klargjering og utviding av prosessreglane ved tvist om arbeidstilhøve. Lovfeste rett for sjøfolk til å fortsetja i stillinga ved tvist om ei oppseiing er lovlig eller ikkje.
  • Styrking av arbeidstakar sin rett til drøfting med og informasjon frå arbeidsgjevar.
  • Omgrepet "sjømann" blir erstatta med "arbeidstakar".