Publisert: 10. jul. 2013

Ny fiskesalslov

Frå 1. januar 2014 gjeld den nye fiskesalslagslova. Lova er i hovudsak ei vidareføring av den meir ein 60 år gamle råfisklova. Det er lite som er endra i høve til den gamle lova. Systemet som gjev fiskesalslag monopol på førstehandsomsetninga av fanga fisk, blir framleis gjeldande. Dette på tross av at fri konkurranse har blitt mykje meir politisk ynskjeleg dei seinare åra. Talet på fiskarar og fiskekjøparar har òg blitt redusert med ca. 90 % i perioden.

Den nye lova inneheld meir utdjupande reglar på en del punkt. Det er òg innført ei lovbestemt meklingsordning for fastsetting av minstepriser for fisk. Samstundes blir det presisert at det er salslag som avgjer dersom mekling ikkje fører til semje. Salslaga har òg generell høve til å gi omsetningsreglar som bind fiskar og fiskekjøpar. Det er klarar ordlyd, men liten realitetsendring.

Når hovudprinsippa i lova blir vidareført, viser det at fiskesalslaga har ein svært sterk stilling i Noreg. Eit system der salslag eid av ein av partane i eit avtaletilhøve har rett til å avgjera både prisar og andre avtalevilkår er uvanleg i høve til konkurranselovgjevinga. Skal et slikt system være lovleg må salslag viser at dei tar omsyn til både fiskar og kjøpar.

Det har vært svært få rettslige konfliktar om tolkinga av råfisklova. Det blir spanande å sjå om det fortset slik.