Publisert: 24. jun. 2013

Sekretariatet på fiskeri

Når ein jobbar i sekretariatet i ein fiskeriorganisasjon er det viktig å ha kjennskap til korleis sjølve fisket blir utført. Me i sekretariatet ynskjer difor å vera med på tur, slik at me kan sjå korleis fisket faktisk skjer.

Som kjent veit ein ikkje kor lang tid eit tokt tek, eller kor fangsten blir levert. Det var difor viktig å ha god tid, om toktet skulle bli lengre enn først planlagt. I tillegg til at det må vera sesong, må turen difor tilpassast andre plikter, både på kontoret og privat. I juni klaffa det endeleg!

Det er sjølvsagt ikkje nok å ha tid og lyst for å dra på fiskeri. Fiskebåt må òg til! Det siste halvåret har me lufta, med eit tre fire reiarar, om det var høve til vera med på ein tur. Både reiarane på "Brennholm", "Norderveg", "Nordervon" og "Krossfjord" var svært imøtekommande og sa at me var velkommen om bord. Me hadde såleis eit luksusproblem. Det blei til at Ask Økland blei med "Krossfjord" og Mariann Frantsen blei med "Norderveg". Desse fordi det høvde tidsmessig, og fordi reiarane sjølv var med på turane.

I juni klaffa det endeleg. Den 14. mønstra Mariann Frantsen på "Norderveg" i Måløy. Den 18. mønstra Ask Økland på "Krossfjord" i Egersund. Dette for å vera med på fisket etter nordsjøsild. Skipper og reiar Nicolay Hamre sjekka at ryggsekk ikkje var med, og Ask forsikra om at det korkje var avkutta blomar, paraply, kvinnfolk, prest eller firbeinte ridedyr i bagen, og blei ynskt velkommen om bord.

Både mannskapet på "Norderveg" og "Krossfjord" tok vel i mot! Eit par av mannskapet på "Krossfjord" mumla noko om at det var meldt storm, men ingen gav ordre om å mata kjølsvinet. Krabbemating blei det heller ikkje. Vêret var strålande, og "Krossfjord" krenga berre i svingane.

På førehand hadde me vurdert det som viktig, i høve til jobben i foreininga, å få innblikk i:

  • Bruk av elektronisk fangstdagbok/rapportering av fangst.
  • Peiling av last/fangstmengde.
  • Tilhøvet til eventuelle kontrollørar frå Fiskeridirektoratet og norsk/utanlandsk kystvakt.
  • Auksjonssystemet.
  • Veging av lasta ved levering.

Kontrollørane glimra med sitt fråvær, men elles fekk me godt innblikk i alt, og karane svara tolmodig på våre mange spørsmål.

Me fekk òg innblikk i interessante og viktige ting som setting og haling av nota, tiltak for hygiene og god kvalitet på fangsten, leiting etter fisk, samarbeidet og konkurransen mellom båtane og ikkje minst sjølve livet om bord."Krossfjord" gjekk til Egersund for å by fangsten fram på matjesauksjon. Ask Økland var sjølvsagt tilstades på auksjonen. Som nykomling fekk han t-skjorta, av Sildalaget, med teksten "Eat as matsjes you can".

Fangsten blei seld til Sirevåg. Då det blei kasta loss spurte styrmann Jarle om Ask Økland ville føra båten frå kai. Det svara han sjølvsagt ja til! Skipper Nicolai sa "eg går ned", og forsvann kjapt frå brua. "Krossfjord" flyt heldigvis enno.

Det kom spørsmål frå andre båtar om det var "hell i passasjeren". Det kan ikkje utelukkast, for fangsten som "Krossfjord" landa blei seld til matjes, og skipperen var nøgd med prisen.

Mannskapet kan ikkje ha hatt det for ille, for me blei spurt om me ville vera med på neste tur. Det var det diverre ikkje tid til, men om høvet byr seg er me gjerne med på fiske fleire gonger. Spesielt trålfiske eller kvalfangst.