Stort behov for refordeling av hyse
Pelagisk Forening har i brev til Fiskeridirektoratet bedt om refordeling av hyse.
I brevet viser me til saksdokumenta til reguleringsmøtet 8. og 9. november 2012 der det går fram av statistikken at konvensjonelle fartøy berre fiska 84,7 % av kvotane sine i 2011. Open gruppa fiska berre 25,4 % av kvoten sin i 2011. Ufiska kvote utgjorde h. h. v. 14 588 og 5 678 tonn.
Dersom ein samanliknar Fiskeridirektoratet sin fangststatistikk per veke 20, med fangastdata for 2011 vil ein sjå same tendens. Per veke 20 har konvensjonelle fartøy mellom 11 og 15 meter berre fiska ca. 37 % av kvoten sin. Open gruppa har berre fiska ca. 20,5 % av tildelt kvantum.
Pelagisk Forening meiner at dette viser at det er rom for refordeling, og at det er fare for at store deler av hysekvoten forblir ufiska. Det er såleis stort behov for ei snarleg refordeling.
Foreningen viser og til at no er fartøya som fiskar etter hyse i slutten av vårsesongen for dette fisket. Fartøya er såleis framleis rigga for dette fisket, men vil snart rigga om til anna fiske. Når det er rom for refordeling, og omsynet til eit rasjonelt fiske og lønnsemda i næringa talar dette for ei snarleg refordeling. Me ber om at direktoratet vurderer refordeling så snart som mogeleg.