Publisert: 29. mai 2013

Sei innanfor fjordlinjene

Pelagisk Forening har arbeidd aktivt for å hindra auke av minstemålet for sei. Dette fordi ei auking ville vore katastrofal for seinotfiskarane, landindustrien og mange kystsamfunn. Som kjent uttalte Havforskingsinstituttet at auke av minstemålet ikkje hadde nokon innverknad på bestanden.

Arbeidet bar frukter, for som kjent har fiskeriministeren uttalt at minstemålet ikkje vil bli auka. Det er likevel fare for at farty lengre enn 15 meter kan få forbod mot å fiska sei innanfor fjordlinjene. Eit eventuelt forbod vil vera katastrofalt for mange seinotfarty, då somme av desse fiskar store deler av kvoten sin innanfor fjordlinjene. Pelagisk Forening har difor skreve brev til Fiskeri- og kystdepartementet og gjeve uttrykk for kvifor at eit slikt forbod ikkje bør innførast.

Les brevet her.