Publisert: 10. apr. 2013

Truleg 12 gonger lengre strafframme for brot på deltakarlova

I innstilling til Stortinget fra Næringskommiteen, Innst. 253 L (2012–2013) til Prop. 59 L (2012–2013), blir det foreslått å endra deltakarlova sine føresegner om overtredelsesgebyr, tvangsmulkt og straff.

Det blir òg foreslått å innføre ein eigen regel om straffeprosessuell inndragning.

Det blir tydleggjort at ikkje berre enkeltpersonar, men også føretak, kan bli ilagt overtredingsgebyr.

Det blir òg føreslått å heve strafferamma, i deltakerlova frå seks månadar til seks år.

Pelagisk Forening er kritisk til forslaget og meiner at denne straffeauken ikkje er sakleg grunngjeve og stemplar fiskerinæringa negativt. Dette m.a. fordi strafferamma i akvakulturlova og petroleumslova er to år. Det er heller ingen som har blitt dømt til fengsel utan vilkår, for brot på fiskerilovgjevinga. Pelagisk Forening har arbeidd aktivt for å få stoppa forslaget. Dette arbeidet har nok ført til at politikarar har blitt merksame på den forslaget og at medlemmar i næringskommiteen har kome med merknadar til forslaget.

Komiteens medlemmer frå Fremskrittspartiet kom med merknad om at det må skje ei gjennomgang og evaluering foretas før ein gjer endringar i lovverket og uttalte at «Det er her viktig at yrkesutøvernes organisasjoner blir gitt anledning til å komme med sine synspunkter før ny sak fremlegges. Disse medlemmer vil på denne bakgrunn stemme imot endringene» om auka straffer.

Mindretalet Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti fremja forslag om at «Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av rettssikkerheten til norske fiskere, herunder en gjennomgang av om det er samsvar mellom straffereaksjoner og lovbruddets alvorlighet og om regelverket gir tilstrekkelig forutberegnelighet, og å legge frem en sak for Stortinget om dette.»

Pelagisk Forening meinar at det er svært viktig at fiskarar og reiarlag får same rettstryggleik som andre næringsutøvarar i Noreg.

Pelagisk Forening er sjølvsagt tilhengar av ordna tilhøve i næringa, men vonar at politikarane nyttar fornuft og ikkje vedtek auking av strafferammene før det faktisk er naudsynt.

Les innstillinga her.