Rettstryggleik for fiskarar og fiskebåtreiarlag?
Slik forvaltninga er i dag har Fiskeridirektoratet svært stor innverknad. Mange i næringa opplever at fiskarar og fiskebåtreiarlag har for dårleg rettstryggleik. Ikkje berre fordi mange forskrifter er slik at det i praksis er svært vanskeleg å driva fiske utan å bryta regelverket, men òg fordi Fiskeridirektoratet i praksis lagar reglane, kontrollerer om dei blir etterlevd og handsamar eventuelle klagar. Det kan difor vera nærliggande å sjå korleis forvaltninga er organisert på andre område.
I ei ny lov om Patentstyret blir det oppretta ei klagenemnd for industrielle rettar. Patentstyret sin direktør og leiarane av klagenemnda skal heretter bli tilsett på åremål.
Klagenemnda skal handsama klager mot vedtak fatta av Patentstyret. I handsaminga av enkeltsaker/klagesaker skal nemnda være uavhengig av både Patentstyret, departementet og regjeringa.
Klageorganet skal ikkje lenger være ei avdeling i Patentstyret. Verksemdene skal oppleve klagehandsaminga som tryggare, raskare og meir brukarvennleg.
Den nye Klagenemnda skal syta for ei brukarvennleg kvalitetsordning for ankehandsaming på området industrielle rettar, og skal bygge opp tillit hos brukarane og bli opplevd som trygg, ryddig og nyttig, har nærings- og handelsminister Trond Giske uttalt.
Pelagisk Forening meiner at styresmaktene bør greia ut om det bør innførast ei liknande klageordning for forvaltinga på fiskeriområdet.