Neste store vekstnæringa langs norskekysten?
Taredyrking kan bli den neste store vekstnæringa langs norskekysten. Fleire stader blir det no dyrka tareplanter i store utviklingsprosjekt, skriver BT.
Tre personar heng over ripa på den velbrukte vesle plastbåten. Gjennom iskaldt sjøvatn strekkjer dei liner med babytare. Som tynn tråd ligg tareungane tvinna rundt lina. På eit halvt år skal dei vekse til stor og haustingsklar fingertare.- Vi skal gjere mange testar og mykje utviklingsarbeid, og håpar å setje ut i stor skala alt neste år. Eg er overtydd om at vi om tre-fire år er i full produksjon, seier Job Schipper, nederlendaren som har starta sitt eige tareklekkeri i Solund.
Erstatte protein
På tredje året avlar Schipper fram tare ved oppdrettsanlegget i Ytre Sogn. Ein ferietur til øykommunen for fem år sidan gjorde at den hollandske hagebruksmannen gjekk frå land til sjø. Inspirasjonen henta han frå Asia, der taredyrking har pågått ei god stund. Nederland starta for fem år sidan i Nordsjøen, men då med heilt andre anlegg enn det som er tenkt brukt i Sogn.
Lokal tare
- Vi tende på tanken fordi vi såg at tare kan nyttast i fiskefôr. I framtida vil det bli kamp om proteinkjeldene, og vi trur tare i første omgang kan vere med på å erstatte vegetabilske råvarer i fiskefôret. Oppdrett vil i så fall bli meir berekraftig. Etter som prosjektet har gått framover, ser vi no også andre bruksområde, seier Øyvind Kråkås i Salmon Group.
Tang og tare er algar. I naturen formeirar taren seg ved å spreie ut sporar. Sporane festar seg til botnen der dei utviklar seg til ho- og hannplantar som blir befrukta. Etter nokre veker tek babytaren til å vekse. I eit lite anlegg på Kverrhella i Ytre Solund gjer no Job Schipper og hans medhjelparar akkurat det same. På land klekkjer dei tareungar. Dei driv opprett av algar.
- Vi brukar lokal tare som sporeplanter. For meg er det viktig å bruke morplanter som genetisk høyrer heime i området. Frå dei første sporane til taren er planteklar går det eit par veker, fortel Schipper.
Litt for kaldt
Babytaren blir tvinna rundt liner som blir festa under strekk med tau og blåser, omtrent som eit blåskjelanlegg, berre at linene blir festa vassrett under strekket. Så startar taren å vekse nedover i sjøen.
- Eit halvt år etter at han er sett ut er tida inne for hausting. På dei siste forsøka vi har gjort, fekk vi i overkant av seks kilo tare for kvar kvadratmeter. Vi meiner at det bør vere mogleg å kome opp i 12–16 kilo. Då har vi for lengst nådd eit volum som gjer at dette vil bli ein lønsam produksjon.
Schipper er litt uroleg. Babytaren har blitt frakta frå klekkjeriet i Ytre Solund til Sulefisks kaianlegg ved Eide på ein uvanleg kald dag til Solund å vere. Og tare likar ikkje streng kulde.
- Vi må dekke dei til, slår han fast før kveilane med babytareliner skal berast til båten og køyrast til oppdrettslokaliteten i fjorden eit stykke lenger sør.
Fluger i ein smekk
På to sider av matfiskanlegget er det lagt ut strekk med tau og blåser. Gjennom iskalde sjøvatnet strekkjer dei linene. Likevel er det varmare å ha hendene under enn over vatnet. For sjølv her like nord om Sognesjøen er det sju minusgrader denne plantedagen. For dei kallar det å plante, det dei gjer.
Berekraftig økonomi
I tillegg til forsøka med å integrerer taredyrking med lakseoppdrett har han også søkt om å få drive oppdrett på ein lokalitet i Rørdalsfjorden i Ytre Solund. Her har Hortimare søkt om eit årleg produksjonsvolum på 12 tonn. Søknaden er no til handsaming i Fiskeri- og kystdepartementet.
Aktørane bak utviklingsprosjektet ved Sulefisk ventar no på eit regelverk som opnar for integrert drift mellom lakseoppdrett og taredyrking. Først då kan dei prøve det ut i stor skala. Då vil dei også starte arbeide med å utvikle ein teknologi for å plante og hauste.
- I dag gjer vi dette manuelt. Skal dette bli ei stor næring må vi utvikle maskiner som plantar og haustar. Eg er overtydd om at vi skal greie det, og då vil vi også gjere pengar på det. Berekraftige løysingar må vere økonomiske, seier Schipper.
Kan bli like stort som lakseoppdrett
Samtale med Aleksander Handå, som er forskingsleiar i SINTEF, Fiskeri og havbruk AS, om tare.
- Kva bruksområde finst for tare?- Vi konsentrerer oss om tre felt, mat, gjødsel og bioenergi. Vårt syn er at potensialet er størst for bioenergi, men at taren også må nyttast i fleire produkt for at det skal løne seg. Vi ser også at ein del jobbar for å dyrke tare til bruk i mat, både til menneske og i dyrefôr. I tråd med at folk et meir sushi, aukar etterspurnaden etter tare.- Kvifor bioenergi?
- Det vi snakkar om då er først og fremst sukkertare, ein vanleg art langs norskekysten. Sukkerstoffet kan nyttast til å lage eksempelvis biogass eller bioetanol, noko Statoil no ser nærare på. Fordelen med å bruke tare er at vi kan spare jord på land som då kan brukast i tradisjonell matproduksjon. I tillegg er tare eit reint naturprodukt som, dersom dyrkinga skjer ved oppdrettsanlegg, kan gjere seg nytte av næringsstoffa frå anlegga.- Korleis?
- Fisk skil ut urin, og i urin er det nitrogen. Rundt eit matfiskanlegg vil konsentrasjonane av nitrogen vere høge fordi det står så mykje fisk der. Tang og tare treng nitrogen for å vekse. Vi snakkar med andre ord om ein vinn-vinn-situasjon. Taren veks fortare fordi det er mykje næring i vatnet, men reinsar også sjøvatnet for nitrogen. Dyrking av desse artane kan vere med på å redusere risikoen for overgjødsling i fjordar og nære kystområde. Dersom vi også får på plass gode system for å fjerne faste avfallsstoff frå oppdrettsanlegga, kan det i neste omgang gje rom for å auke kapasiteten for tradisjonell akvakultur.- Kor stor er viljen til å satse?
- I det siste har interessa auka veldig, både frå styremakter og bedrifter. Vi snakkar også om store aktørar som no engasjerer seg, mellom dei Lerøy og Salmon Group. SINTEF har alt gjort prosjekt for Norges forskningsråd, og testprosjekt er i gang fleire stader. I SINTEF samarbeider vi med Havforskingsinstituttet og NTNU i prosjektet "Exploit" som forskar på dyrke fram tare og skjel integrert med lakseoppdrett. Vi skal setje ut treplanter ved Florø no i februar.- Kor stort kan taredyrking bli?
- Det er tidleg å svare på. Men med rett teknologi og ein av verdas lengste kystlinjer, er det freistande å seie at dyrking av tang, tare og skjel kan bli like stort som dagens norske lakseproduksjon, altså vel ein million tonn eller meir i året. Vi har tru på at dette kan bli ei stor og viktig næring.- Ikkje noko tre veks inn i himmelen, kva er minussida?
- Taredyrking i stor skala vil bli arealkrevjande, og det er lett å sjå at her kan vere grobotn for konfliktar med annan bruk av kysten. Storskala tareproduksjon kan skje langt til havs der vi i dag har store ledige areal.