Publisert: 16. jan. 2013

Endring av reglar for RSW-anlegg frå 1. januar 2015

Det er vedtatt reglar for kva gassar som kan nyttast i RSW-anlegg. Kort fortalt er det i dag forbod mot import og eksport av HKFK-gassar. R22 er ein slik gass. Eksisterande anlegg kan difor berre vedlikehaldast/etterfyllast med resirkulert gass.

Etter 1.1.2015 er det ikkje lov å etterfylla eksisterande anlegg med HKFK-gassar. Det er ikkje krav om å skifta ut gassar/anlegg som er i bruk, men det er ikkje lov med etterfylling etter av HKFK-gassar etter denne datoen.

Lovlege gassar er naturlege gassar som t.d. amoniakk og CO2, men desse kan ha sikkerheitsmessige utfordringar.

Sjå link for meir info, reglane står i produktforskriftens kap 6.

Denne er i ferd med å bli revidert for implementering av EU-regelverket på området, men det blir ingen materielle endringar i høve til utfasinga av HKFK (R-22).

Se infoark angående utfasing HFHK