Publisert: 20. des. 2012

Torskekvoter og frossen fisk

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2013. - Hovudbilete er at vi har store moglegheiter. Med den største torskekvoten gjennom tidene er det viktig at næringa legg enda større vekt på kvalitet, utjamning av sesongen og marknadsarbeid i året som kjem, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Det er avsetningar til ferskfisk- og ulike bonusordningar, 21 500 tonn torsk frå gruppekvotane til kystfiskeflåten og i open gruppe til ferskfiskordning for å sikre at det blir landa meir fersk fisk om hausten. For å skape ytterlegare aktivitet til hausten er det sett av 3500 tonn torsk til bonusordningar for trålarar og konvensjonelle havfiskefartøy.

Ordning

Gruppe

Avsetning

Ferskfiskordning

lukka gruppe

19 157

Ferskfiskordning

open gruppe

2 344

Bonusordning

konv. hav

750

Bonusordning

trål

2 750

Totalt

25 000

Bifangstordninga på torsk for konvensjonelle kystfiskefartøy er erstatta med ei ny ordning kalt ferskfiskordninga i kystflåten. Fangstar som er omfatta av ordninga inneber eit kvotetillegg. Det kan vere i reine torskefangstar bokført delvis på egen kvote og delvis på ferskfiskordninga. Ferskfiskordninga gjeld for alle kystfarty i lukka og open gruppe som leverer fangsten fersk.

Fartøy som leverer all fangst fersk kan frå 8. april, i tillegg til kvoten, fiske og lande inntil 20 prosent torsk på vekebasis. Frå og med 1. juli 2012 blir dette auka til 30 prosent. Dersom utviklinga i fisket tilseier det, kan prosentane vurderast nærare i løpet av 2013.

Pelagisk Forening meinar at farty som leverar frosen torsk òg bør få fiska meir torsk. Dette fordi når det er ekstraordinært store torskebestandar bør det koma heile næringa til gode. For stor bruk av spesialordningar kan óg vere problematisk. Dette sett opp mot fordeling av kvotar til særskilte farty ved tildelingar av deltakartilgang og kvotefaktorar. Kvotar som reiarlaga har betalt mykje pengar for.

Les pressemeldinga her.