Publisert: 12. des. 2012

Forbod mot fiske innanfor fjordlinjene

Det blir opna for at det kan etablerast forbod mot at båtar over 15 meter får fiske innanfor fjordlinjene i dei nordlegaste fylka. I proposisjonen står det at «Fiskeri- og kystdepartementet vil likevel foreslå å lovfeste ein rett til fiske av torsk, hyse og sei for alle som bur i Finnmark, Nord-Troms og dei område med sjøsamisk innslag i resten av Troms og Nordland som Kongen fastset»

Vidare står det at «Når det gjeld spørsmålet om ein fjordrett kan Fiskeri- og kystdepartementet ikkje sjå at det eksisterer nokon eksklusiv rett til fiske for dei som bur langs fjordane, verken i Finnmark eller i andre fjordar langs kysten. Departementet meiner likevel det er behov for å sikre at dei minste fartøya får fiska kvotane sine.Departementet foreslår difor å innføre eit forbod mot fiske innanfor fjordlinjene for fartøy over 15 meter, men med høve til å gjere unntak.»

I brevet til Fiskeri- og kyst departementet ang. eit generelt fiskeforbod, for farty over 15 meter, innanfor fjordlinjene tillét Pelagisk Forening seg å gje uttrykt at sakshandsamingsprosessen med fordel kunne vore meir open. Stortinget har allereie vedtatt utgangspunktet for et slikt forbod. Dette med verknad frå 1. januar. Forbodet kjem brått på og konsekvensane burde vore betre utgreidd. Dersom forbodet blir ståande er det stort behov for avbøtande tiltak.

Fisken vandrar over store område og farty lyt sjølvsagt gå dit fisken er. Dette gjeld òg om fisken endrar vandringsmønster og går innanfor fjordlinjene. Reiarlaga har innretta sitt fiske og sine investeringar etter kvotane dei har. Dersom dei brått blir utestengt frå fiske i fjordane vil det kunne føra til at dei ikkje får høve til å fiska heile kvotane sine. Det vil kunne føra til store negative verknadar. Dette både for reiarlaget og landindustrien.

Me ber om at departementet vurderar konsekvensane før ein innfører eit generelt fiskeforbod for farty over 15 meter.