Publisert: 28. nov. 2012

Er du kvalifisert for C-sertifikat, men har ikkje søkt? Snart er det for seint….

Mange fiskarar oppfyller krava som skal til for sertifikatet fiskeskipper klasse C. Dette utan at dei må ta ekstra kurs. Søknadsfristen er 1. januar 2013!

Dette gjeld fiskarar som hadde fartstid før 1999 og erfaring som førar av mindre fiskefarty (10,67-15 meter).Dette er ei overgangsordning som blei vedteken i kvalifikasjonsforskrifta (av 22. desember 2011 nr. 1523). Her blei det innførte sertifikatplikt for alle som skal føre fiskefarty med lengde mellom 10,67 og 15 meter.

Absolutt siste frist for søkja om å få sertifikatet basert på erfaringar er 1.1.2013!

Dokumentasjonskrava er stadfesting frå Fiskeridirektoratet på at du var registret i Fiskarmanntalet på blad A aller B før 1.1.1999. Dokumentasjon må være utstedt av Fiskeridirektoratet. Alternativt kan dokumentasjon frå Garantikassen for fiskarar nyttast.

Eventuelle kopi må være stadfesta som rett kopi. Krav til helse, radiosertifikat, sikkerheitsopplæring m.m. må òg vera dokumentert.

Søknadsskjemaet du finner her.

Les meir på Sjøfartsdirektoratet si heimeside. Regelen står i forskrifta § 94.

§ 94. Overgangsregler for skipsfører på fiskefartøy med største lengde mellom 10,67 og 15 meter

(1) Fram til 1. januar 2013 er det ikke krav til kompetansesertifikat for skipsfører på fiskefartøy med største lengde mellom 10,67 meter og 15 meter for den som var fisker før 1. januar 1999 og som har ført fiskefartøy med største lengde mellom 10,67 meter og 15 meter innen 1. januar 2012.

(2) Den som innen 1. januar 2013 dokumenterer ervervsmessig fiske før 1. januar 1999 samt å ha ført fiskefartøy med største lengde mellom 10,67 meter og 15 meter før forskriften trer i kraft anses å tilfredsstille kravene til fartstid og utdanning til fiskeskippersertifikat klasse C.

Du finn forskrifta her.

Informer gjerne mannskapet ditt om dette.

Webdesign og publiseringsløsning er levert av Argo Internett AS © 2011