Publisert: 27. nov. 2012

PELAGISK FORENING ARRANGERAR SEMINAR OG JOLABORD I OSLO

Torsdag 29. november 2012 arrangerer Pelagisk Forening seminar og jolabord på Oslo Plaza.

Med tanke på at det er stortingsval neste år har me invitert stortingspolitikarane Frank Bakke-Jensen, (Høyre), og Harald Nesvik, (Frp). Dei vil tala om sitt syn på fiskeripolitikk. Dette m.a. med tanke på om dei eventuelt kjem i regjeringsposisjon etter valet.

Petter Ørbech (vara Troms SP og professor ved Norges Fiskerihøgskole) vil innleia. M.a. om sitt syn om at det er uvesentleg kva parti statsråden tilhøyrar. Dette fordi han uansett ikkje klarar å endre på tilhøve om ikkje byråkratane òg vil endre.

Det vil òg bli interessant innlegg frå Jens Christian Holst frå Havforskningsinstituttet. Innlegget vil handla om Økosystembasert forvaltning av norske fiskerier. Fokuset vil vera på forvaltning av makrell.

Frå Arcus kjem Halvor Heuch. Han vil prata om sild og drikketradisjonar.

På kvelden blir det jolabord!