Publisert: 20. nov. 2012

Regulering av fiske etter hyse

På reguleringsmøtet 8. og 9. november 2012, og publikasjonane «Innspill til reguleringsmøtet» og «Saksdokumenter til reguleringsmøtet» sak 11/2012 blei det foreslått reduksjon av totalkvoten etter hysa med 37 % i 2013. Det blir òg foreslått innføring av fartykvotar i byrjinga av året.

Forslaget kan ha store uheldige verknadar for kystreiarlag som fiskar hyse. Dette fordi hyse ikkje er særleg tilgjengelig for kystflåten utover hausten. Konsekvensen av forslaget blir då at hyse frå kystflåten blir refordelt til den havgåande flåten.

I eit brev til Fiskeridepartementet har Pelagisk Forening gjort direktoratet merksam på dette og tatt til orde for at fisket bør vera fritt som tidlegare, og heller stoppast når totalkvoten er oppfiska.

Les brevet her.