Hardhaussaka - Frifinning -Det er ikkje forbod mot bifangst av torsk ved notfiske etter lodde.
I tillegg til at dei tiltalte blir frifunne, blei Staten dømt til å betala sakskostnadane. Med andre ord ein klar siger.
Spørsmålet i saka var om skipper og reiarlag kunne straffast for å ha fått for stor bifangst av torsk, medan dei fiska etter lodde med not. Dei var sikta for brot på havressurslova og to forskrifter til lova.
Den eine forskrifta skipper og reiarlaget var sikta for brot på var utøvingsforskrifta § 19. Den seier at "Det er forbudt å fiske torsk og hyse med not."
I dommen blir det vist til overskrifta, til § 19, der det står «Forbud mot fiske etter torsk og hyse med not.» I dommen står det òg at «I vår sak har man fisket etter lodde med not, og som er et tillatt og lovlig fiske.» Vidare står det at «§ 19 etablerer etter sin ordlyd ikkje noe forbod mot å ha bifangst av torsk i fiske etter lodde med not.» Skipper og reiarlag kunne difor ikkje dømmast for brot på utøvingsforskrifta § 19.
Skipper og reiarlag var òg sikta for å ha brote reguleringsforskrifta § 16. Denne seier at det skal vera "mindre enn 35 kg torsk over minstemål per 100 tonn lodde". Regelen seier at ved større bifangst kan Fiskeridirektoratet «stenge og gjenåpne områder i fisket etter lodde i Barentshavet i 2010, herunder sette forbod mot å fiske lodde innenfor 4 nautiske mil av grunnlinjen.» Dette er altså ein regel som gjev direktoratet heimel til å stenga områder for fiske etter lodda. Dommen uttalar òg at «Reguleringsforskriften § 19 inneholder derfor ikkje noe forbud mot å ha bifangst av torsk ved fiske etter lodde.»
Vidare skriv dommaren at «I notfiske etter lodde har myndighetene ikke gitt noen regler om bifangst. Det foreligger derfor ikke hjemmel for å ilegge straff for den bifangst av torsk…Hardhaus tok» ved fiske etter lodde. Skipper og reiarlag kunne difor heller ikkje dømmast for brot på reguleringsforskrifta § 16.
Pelagisk Forening meinar at frifinninga er så klar at den bør føra til diskusjonar i direktoratet. Dersom dommen blir rettskraftig er altså situasjonen at skipper og reiarlag har blitt sikta for ei lovleg handling. Det seier seg sjølv at ei slik belastning bør ein sleppa.
Dersom reiarlaget hadde blitt dømt til inndraging av fangstverdien måtte tingretten tatt stilling til kva fangstverdi som kunne inndragast. Lovleg fiska fangst kan sjølvsagt ikkje inndragast, men havressurslova § 65 seier at «Når lovleg og ulovleg fangst er blanda saman, kan heile fangsten inndragast.» Her var bifangsten skilt ut og forsvaret prosederte på at loddefangsten difor ikkje kunne inndragast. Når fisket var lovleg slapp tingretten å ta stilling til dette prinsipielt viktige spørsmålet.
Pelagisk Forening gratulerar skipper og Hardhaus AS med frifinninga og håpar at saka ikkje blir anka.