Publisert: 1. nov. 2012

ÅTVARINGAR - AVVIK

PROBLEM VED ÅTVARINGAR VED AVVIK MELLOM FANGSTDAGBOK OG SLUTTSEDDEL



Fiskefarty over 15 meter pliktar som kjent å føra elektronisk fangstdagbok. Dvs. at mannskapet pliktar å føra kor mykje dei får av kvart enkelt fiskeslag. I praksis kan det vera vanskeleg å anslå kor stor bifangst det er i ei last. Det kan t.d. vera vanskeleg å vurdera om det er nokre nokre få tonn sild eller makrell det er i ei tobislast på 100 tonn.



Strafferamma for brot på regelen er bøter eller fengsel i inntil tre år. For å bli straffa er det ein vilkår at ein har utvist «skuld». For å straffast for brot på regelverket her er det et krav at mannskapet har vore «aktlaus».



Heldigvis ser Fiskeridirektoratet at det er i praksis er uråd å føra fangstdagboka så nøyaktig at den er heilt lik sluttseddelen. Direktoratet har difor eit system der dei gjev skriftlege åtvaringar. I desse blir det påpeikt at gjentaking av liknande tilhøve kan medføra sanksjonar. Ved gjentaking kan såleis ei tidlegare åtvaring bli brukt som eit argument for bot og straff. Åtvaringa kan såleis tenkast å vera «tunga på vektskåla» som gjer at direktoratet melder mannskap og reiarlag til Politiet.



Pelagisk Forening ser visse farar med denne praksisen. Dette fordi det er uklårt for næringa kor langt tid slike åtvaring kan bli brukt mot skipper og reiarlag. Det er òg uklårt om det er like lang «foreldingstid» i dei ulike delane av direktoratet. Det er òg uklårt om det er eit system for arkivering av åtvaringar.



Andre problem er at klagefristen på eit vedtak om åtvaring for lengst vil vera gått ut når ei eventuell seinare avvik blir anmeldt. Andre problem er m.a. at fleire avvik, som isolert sett ikkje er straffbare kan bli slått saman og meldt til Politiet.



Pelagisk Forening tilrår difor alle som måtte få slike åtvaringar om å klaga på desse.