Publisert: 31. okt. 2012

Andre konsekvensar som følje av forslaget om endring av minstemål på sei

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) ser at regjeringa sitt forslag om endring av minstemål på sei vil råke kystnotfiskarane i sør og Bulandet Fiskeindustri særleg hardt, skriver Firdaposten.no.

Derfor vil ho ta med seg innspela frå fylket inn i eige parti og eiga regjering.

- Dette betyr kroken på døra for Bulandet Fiskeindustri, så dette må vi finne ut av, seier ho.

Det kom fram under rådsmøtet i Florø tysdag mellom næringsaktørar i sjømatnæringa i fylket og næringspolitikarane til Ap på Stortinget.

Forslaget om nytt minstemål på sei, som opprinneleg blei lansert av Fiskebåtredernes Forbund, blei lansert av Kyst- og fiskeriminister Lisbeth Berg Hansen no i haust.

Høyringsfristen er 30. november. Intensjonen bak forslaget er å sikre rekruttering i bestanden ved å redusere beskatning av umoden småsei. Dette for få ut større fangstar av større sei til havs. Høyringsuttalen frå Bulandet Fiskeindustri er tindrande klar. Det vil bety kroken på døra for den lokale bedrifta, som lever av å foredle fangstar av småsei som er fangsta medan den framleis er relativt nær land. Livssyklusen til seien er slik at den dreg til havs ved ein viss storleik. Askvoll Fiskarlag påpeikar at dei føreslegne minstemåla i praksis tyder forbod mot notfiske av sei på kysten. Konsekvensen er at denne ressursen i stor grad blir omfordelt til havfiskeflåten og trålarane, påpeikar dei.

Havforskningsinstituttet meiner at det er lite å hente på dette forslaget og støttar logikken i innspela frå Askvoll.