Publisert: 26. okt. 2012

EIN TORSK ER EIN FOR MYKJE

Den 25.november var siste dag saka blei handsama i Nordhordland tingrett. Straffesaka tok til saman tre dagar.

Skipper og reiarlag var sikta for å ha brote reguleringsforskrifta § 16 som krev at det skal vera "mindre enn 35 kg torsk over minstemål per 100 tonn lodde".

Den første dagen i saka trakk påtalemakta fram eit nytt straffebod, for å få skipper og reiarlaget dømt. Dette var utøvingsforskrifta § 19 som seier at "Det er forbudt å fiske torsk og hyse med not." Etter denne regelen er altså notfiskarar lovbrytarar dersom dei får ein einaste torsk i nota!

Pelagisk Forening tvilar sterkt på at Hardhaus blir dømt etter sistnemnde regel. Det vil òg sjølvsagt vera heilt umogeleg å utøva eit fiske dersom skipper og reiarlag risikerarstraff og inndraging dersom ein får ein einaste torsk i nota.

Påtalemakta la ned påstand om at skipperen skulle få 40 000 kroner i bot, subsidiært 15 dagars fengsel, og at 1,5 gonger fangstverdien skulle inndragast. Dvs. inndraging på over 1,3 M kroner.

Vilkåret for straff er at skipper "aktlaust" bryt reglane om bifangst. I så fall kan han straffast med eit års fengsel.

For reiarlaget er ikkje straffa avgrensa til inndraging av fangstverdien. Havressurslova § 65 seier at "Ved brot... kan fangstinndragast. Det same gjeld reiskapar, gjenstandar, eigedomar, anlegg eller fartøy som er brukte ved lovbrotet. Dette gjeld utan omsyn til kven som ereigar. I staden for tingen kan verdien heilt eller delvis inndragast hos den skuldige eller den det er handla på vegner av, eller hos eigaren."

Lova opnar altså for at både farty og bruk kan inndragast!

Dom i saka er venta å koma innan 1-2 veker. Pelagisk Forening er, som dei fleste i bransjen, opptatt av saka og kjem til vurdera dommen nøye når me får lest den.

Saka er prinsipiell. Dette spesielt dersom skipper, og eventuelt reiarlaget, blir dømt etter utøvingsforskrifta § 19. Det er ikkje overraskande om dommen blir anka om staten vinn frem.