Publisert: 23. okt. 2012

UHELDEG LØYSING FOR SEINOT FORSLAG OM AUKING AV MINSTEMÅLET PÅ SEI

Seien vil i røynda ha vandra frå kysten før den når minstemålet. Forslaget inneber soleis at seifisket kan bli flytta frå kyst til hav. Dvs. frå ei gruppa fiskarar til ei anna.For enkelte reiarlag, som gjerne har fiska sei med not i fleire tiår, kan forslaget føra til bortfall av 1/3 av omsetninga. Det seier seg sjølv at dette er dramatisk for seinotfiskarane. Verknadane er òg store for mottaka langs kysten som har tilpassa seg mottak av sei. Dette er gjerne mindre samfunn som vil få store negative ringverknadar som følje av forslaget. Pelagisk Forening arbeidar med saka og kjem til å levera inn merknadar til forslaget. Pelagisk Forening har òg m.a. tatt skritt for å vurdera grunnlaget for forslaget og avklara kva som har initiert forslaget.